Hit Man

Om filmen

Originaltittel: Hit Man

Premiere: 2024-05-31

Varighet: 1t 53min

Sjanger: Komedie, Action

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Richard Linklater

Gary Johnson (Glen Powell) jobbar som profesjonell leigemordar i New Orleans. Men viss du betalar han for å drepe ein utru ektefelle eller ein valdeleg sjef, er du i trøbbel – han jobbar nemleg undercover for politiet. Når den desperate Maddy (Adria Arjona) prøver å tilsetje han for å drepe den valdelege ektemannen sin, bryt Gary alle reglar. Ikkje berre endar han opp med å snakke henne frå det, han fell også pladask for henne. Ho blir på si side tiltrekt av Gary, som lét som han er den mystiske, sexy Ron. Snart blir Gary vikla inn i ein kjedereaksjon av skodespel, bedrag og meir eller mindre kriminelle handlingar.

Hit Man er ein smart, heit thrillarkomedie, full av komiske situasjonar. Inspirert av ei usannsynleg sann historie, regissert av fleire Oscar-nominerte Richard Linklater (Boyhood, Before Midnight). Han har også skrive manuset saman med hovudrolleinnehavar og produsent Glen Powell.