Hit eit steg

Om arrangementet

Hit eit steg er ei musikalsk teaterframsyning om det å vente, glede, grue og undre. Bli kjent med Kaia som er på veg til skulen, for aller, aller fyrste gong. Kaia trippar både hit og dit langs skulevegen sin og møter både måsar, vevekjerringa og småskumle fjerdeklassingar. Og når tankane om skulen vert for store er det godt å kunne ta ein ferd ned til den underlege verda langt nedpå havbotnen, kor Flyndre-Fanten og sjølvaste Krabbe-Krølle bur.
Ingebrigt Davik var frå den vesle øya Fjørtofta på Sunnmøre, og og vart gjennom sitt arbeid ein viktig representant for kystbarna med sine historier om det underlege livet i fjøresteinane.  
Pressen om Hit eit steg
«En gavepakke til alle som grugleder seg til skolen.» Bergens Tidene
«En liten forestilling som fortjener et stort publikum.» Bergens Tidene
«Hit eit steg er en fengende og morsom forestilling for både barn og voksne.» Barn i Byen. 

Basert på songar og tekster av Ingebrigt Davik
Regi og dramaturgi Ingrid Askvik
Manus Lina Taule Fjørtoft
Skodespelar Lina Taule Fjørtoft
Musikar og arrangør Toivo Fjose
Produsent Lina Taule Fjørtoft
Co-produsent Det Vestnorske Teateret
Med støtte frå Kulturrådet og Norsk skodespelarforbund
Forlag Teaterforlaget Songbird AS