Herøyspelet Kongens Ring

Om arrangementet

Herøyspelet - 30 år

Etter eit år utan spel er Herøyspelet tilbake med historia om hovdingdottera Unn, valet mellom festarmannen foreldra har valt og rebellen ho er forelska i og valet mellom gamal og ny tru. Den spesialskrivne musikken, det store orkesteret og den store utescena er den same – og utsynet mot Stadhavet.

Vi skal møte Olav den heilage og hirden hans, herjungar og herøyfolk. Rundt 200 i talet, unge og gamle, amatørar og profesjonelle, musikarar, songarar og skodespelarar.

Med i billetten får du også skyss med båt eller buss til øya Herøy. På tunet på handelsstaden frå 1800-talet er det spelkafe og folkeliv. Og no byr også Herøyspelet på vikingleir med familieaktivitetar som pil og boge, kampstokk og stort bondesjakk.

Kongens Ring vert spelt fire gongar i løpet av den første helga i juli. Dei yngste barna er gratis på alle forestillingar og på siste forestillinga søndag er det halv pris for barn opp til 16 år.