Herøy Janitsjar med band og solistar – Ein musikalsk jubileumsfest

Om arrangementet

I 2022 runda Herøy Janitsjar 30 år. Det vil vi feire med ein flott musikalsk jubileumsfest der vi tar med oss litt av det store og varierte repertoaret vi har hatt i løpet av desse åra. Sidan vi er kjende for å hatt mange musikalske prosjekt med band, vokalistar og koristar er det natuleg for oss å ha med eindel av dette på jubileumsfeirina vår også. Dei vi har med på jubileumsfesten vår har vore med oss på fleire av prosjekta våra og vi kjennar kvarandre godt.        

I tillegg til prosjektkonsertane våra har vi også hatt eit veldig omfattande repertoar av andre musikkstykker som vi vil spele eit lite utvalg frå.

Sjølvsagt må marsjar være med, og kva passar då betre enn norges nasjonalmarsj, den flotte Valdresmarsj? Der blir elles kjende og mindre kjende stykker som spenne frå dei sarte, kjenslevare til dei mektige, pompøse verka. Flotte instrumentsoloar der fleire av korpset sine eigne er solistar høyrer også med.  

Frå prosjekta våre har vi med stykke frå The Blues Brothers og The Commitments, Jesus Christ Superstar, Queen, Beatles, Abba, James Bond, Elton John, Filmaften og musikalar. 

(Born/ungdom under 18 år halv pris på billetten)

Konferansier: Sølvi Nerem Berg

Orkester: Piano: Nasko, Gitar: Rune Ertesvåg, Bass: Frode Sollid

Vokalistar: Øyvind Lied, Trygve Sætre og Sølvi Nerem Berg

Kor: Elisabeth F. Husøy, Hege Halle, Beate Sandvik og Hege Woldsund

Vi i Herøy Janitsjar gler oss til å ta med publikum på denne musikalske jubileumsfesten vår,