Heine Rock and Roll Circus

Om arrangementet

Bli med når Heine og hans «All Star Band» fråtsar i låtar frå musikkens gullalderen!


Det blir herleg energi, gode historier, flotte tolkingar og godt humør. Bandet set passaren på 1963, skrur han rundt og teiknar ein sirkel som
rommar nokon av dei beste låtene som finst. Bandets herlege utstråling bringer tankane inn på dei kulaste bilane, dei flottaste kjolane og dei tøffaste gutane.

Heine er ein syngande, gitarspelande James Dean, og med seg har han alltid ein sexy Olivia Newton-John. Med ei utruleg speleglede, boblande musikalitet, og smittande energi, serverer dei tidenes beste læt frå 50- og 60-talet!

Etter suksessen med musikalen «Buddy Holly The Musical» på Folketeateret i Oslo 2010, har Heine og bandet hatt hundrevis av konsertar med «Buddy Holly The Concert». No tar dei dette til nye høgder med mange nye låtar frå ein av dei desiderte beste epokane i musikkens historie.

Førebu deg på ein kveld der rockefoten går, latteren rungar og allsongen sit laust!