Fast & Furious 10

Om filmen

Originaltittel: Fast X

Premiere: 2023-05-18

Varighet: 2t 20min

Sjanger: Action

Aldersgrense: 12 år

Originalspråk: Original

Regissør: Louis Leterrier

Toretto-familien er attende i den tiande filmen i Fast & Furious-franchisen. Denne gongen tek ferda oss gjennom Italia, Brasil, England, Portugal og Antarktis! I over 20 år har me fulgt Dominic Toretto (Vin Diesel) og den utvida familien hans med bilentusiastar. No nærmar sagaen seg slutten, og Fast & Furious 10 er eit av franchisen sine siste kapittel. Gjennom åra har gjengen støtt på mange fiendar, men no står dei overfor ein av dei farlegaste motstandarane dei nokon gong har møtt. Dante Reyes (Jason Momoa) kjem som ein skugge frå fortida og er ute etter blodhemn. Alvoret eskalerer når Dom forstår at den 8 år gamle sonen hans er ein del av planen til den nådelause skurken.

Dei kjente og kjære fan-favorittane blir samla i Fast & Furious 10. I tillegg til Jason Momoa finn me nye tilskot på rollelista som Brie Larson, Rita Moreno, Alan Richtson og Daniela Melchior.