Falkevik

Om arrangementet

Pianotrio

“[...] some of the most luscious modern piano trio playing I´ve heard in a while.”

London Jazz News

Pianotrioen FALKEVIK sameinar skandinavisk jazztradisjon med moderne popmusikk. Med popen sin melodiøsitet og låtstrukturar, med rockens energi og progressive instrumentaltema og med ambiente elektronikaparti og «soundscape-eksperimentering», får bandmedlemmane sine jazzimprovisasjonar ein spennande tekstur å boltre seg i.

Debutalbumet «Louder Than I’m Used To» fra 2018 fikk strålande mottaking; blant anna trilla både Dagbladet og Aftenposten femmarar på terningen, medan Dagsavisen omtalte Falkevik som «eitt av haustens beste nye namn”. Oppfølgaren “New Constellations” kom i 2021 og fekk mykje merksemd både nasjonalt og internasjonalt, og igjen terningkast 5 – og omtalar som “Falkevik - Suveren i åpen klasse” i PULS Musikkmagasin.

Trioen har fleire forfriskabde musikalske ess i ermet, som gjer at dei ikkje opplevast som ein rein trio – men noko langt meir. For det første overraskar trioen sin bandleiar, låtskriver, tangentist Julie Falkevik også med si uttrykksfulle vokalformidling og som tekstforfattar. Og nettopp vokalen står sentralt i dei fleste av Falkevik sine komposisjonar. At alle musikarane også handterer elektronisk instrumentering og effektbruk tilfører lydbildet ein ekstra dimensjon – som tek pianotrio-konseptet ut av sitt vante habitat.

Falkevik består av stjernelaget Julie Falkevik Tungevåg (kjent frrå m.a. Beat for Beat og Erlend Ropstad), Ellen Brekken (Hedvig Mollestad Trio og A Tonic for the Troops, som nettopp har vore i Fosnavåg) og Marius Trøan Hansen (Sandra Borøy og Shan) – alle veletablerte musikarar med godt fotfeste i det unge jazzmiljøet i Norge.