Erlend Viken trio & avspel festival!
Billettar
Om arrangementet
Avspel kl. 20.30, konsertstart kl. 21.
Dørene inn til konsertsalen opnar kl. 20.00, og vi vil at alle publikummarar skal vere på plass til kl. 20.30. Då opnar vi nemleg MiniFolkeMusikkFestivalen med eit lite kickoff i konsertsalen. "Avspel" er kanskje eit rettare ord, for her blir det musikk og spel, samt ein introduksjon til helga - og til folkemusikk anno 2026. Her blir med både tilreisande og lokale krefter, både unge og gamle. Vi vil forsøke å setje sjangeren på kartet og vere litt vegvisarar ei slik helg. Etter trio-konserten er ferdig blir det folkemusikk-pub med buskspel (jam) oppe i Thon sin lobbybar.
Erlend Viken Trio blir også med på eit felles innslag saman med Birdie Pirat alias Bjørn Tore Øvrelid og Spelemannslaget Havella. Blir det rap og reinlender? Eller reinlenderrap? Dei skal etter planen lande i ein felles beat i konsertsalen, så kom og finn ut korleis dette går! Det er elles bestemt at vi riggar salen med småbord til denne og alle dei andre aktivitetane som skal vere i salen i helga.
Kl. 21.00 går bandet "Erlend Viken Trio" på scena.
Med hardingfele, el-gitar og kontrabass presenterer Erlend Viken Trio folkemusikk med eit lydbilde få har høyrt tidlegare; basert på norsk tradisjonsmusikk, og med inspirasjon frå improvisasjonsmusikk, ørkenblues og rock. Trioen har spelt konsertar i store deler av Europa, og gjennom sine energiske live-opptredenar har dei skaffa seg mange fans på tvers av sjangergrensene.
Erlend Viken - fele, oktavfele og hardingfele
Marius Graff - elgitar
Sondre Meisfjord - kontrabass
¨Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues¨ -Adresseavisen
¨Kraften i samspillet skaper musikk som går over i det geniale¨ -Bladet folkemusikk.
¨här finns låtar som platsar på vilken best-of-spellista som helst¨ -Lira
¨En av norges hetaste grupper¨ -Svenska Dagbladet
Sjå og høyr trioen her:
Musikk: https://orcd.co/feteslaatta
Video fra innspillinga av ¨Fete slåtta¨: https://www.youtube.com/watch?v=p5L4QQpzdwM
Live Video: https://www.youtube.com/watch?v=jF2mp4PJoRM
