El Muro Tango & Ines Cuello

Om arrangementet

«Dette er verdsklasse!» - Mona Berntsen, Norske Talenter

Det kritikarroste tangobandet El Muro Tango har opplevd ei eventyrleg framgang sidan oppstarten i 2016. Hausten 2019 spelte dei for fullt hus i sjølvaste Royal Concertgebouw i Amsterdam, og seinare har det følgt invitasjonar til europeiske festivalar som Innsbruck Tango Festival og Jazzkaar.

I november legg dei ut på Norgesturné og tar turen innom Fosnavåg saman med den prislønte sangerinnen Inés Cuello frå Buenos Aires og stjerneparet Cyrena & Steinar (Norske Talenter). Dei inviterer til ei forrykande tangoframsyning med spektakulær dans, lidenskapelege musikk og heftige rytmar!

Norsk-argentinske El Muro Tango gav ut debutalbumet sitt Nostálgico på Galileo Music i 2018 til strålande kritikkar i den internasjonale pressa. «Handverket her er eksepsjonelt. Dette er kvalitetsmusikk, spelt til perfeksjon. Vidare er det tydeleg at kvar enkelt bandmedlem speler kvar note med den presise lidenskapen som forsikrar at tango beintfram aldri berre endar opp i historiebøkene», skreiv Dan Hobson i Songlines Magazine i meldinga si av plata. El Muro Tango har dei siste åra spelt over 100 konsertar i Europa og Argentina, og jobbar med nokon av Argentinas fremste songarar som Juan Villarreal, Omar Mollo og Chino Laborde.

Inés Cuello er ein argentinsk sangerinne frå Bragado i provinsen Buenos Aires. Hennar vakre stemme og karismatiske sceneframferd har ført til samarbeid med tangolegender som Nestor Marconi, Sexteto Mayor, Virginia Luque og Alberto Podestá. Som solist med tangokompania Tango Pasíon og Tango Desire har ho gitt over 70 konsertar i Kina og Japan, og dessutan turnert i Tyskland, Hellas, Frankrike, Portugal og Spania. Inés er vinnar av XVII Hugo del Carril Contest, og vart nominert til Gardel Awards 2016 i kategorien Beste Kvinnelige Tangoalbum for debutplata si «Canciones del Sur». Heime i Argentina har ho opptredd i kjente teater som Teatro Colón, CCK og Usina del Arte, og ho har gjesta prestisjefulle konserthus og festivalar i Colombia, Brasil, Chile og Perú. Dette er dei første besøka hennar i Noreg.

Danseparet Cyrena Drusine & Steinar Refsdal vart for alvor kjent for det norske publikummet som finalistar i Norske Talenter i 2018. Paret har opptredd på festivalar og show rundt om i Europa, i Buenos Aires, New York og Bangkok. Dei har halde oppvisning med Oslo-Filharmonien og
gjesta Den Norske Opera & Ballett, og er vorte rost for elegansen og lidenskapen sin.

Denne kvelden blir ei fantastisk moglegheit til å lena seg tilbake og nyta dans og musikk av topp internasjonal klasse!

Youtube
El Muro Tango ft. Cyrena & Steinar - Nostálgico (Official Music Video)
"Vuelvo al Sur" - La Grela Quinteto & Ine?s Cuello en el Teatro Colo?n
Dommer-Mona: – Dere er insane! (Norske talenter 2018)