Dora Thorhallsdottir: "Overganger"

Om arrangementet

«Overganger» er eit standup-show om dei ulike overgangane i livet, om kor trøblete dei er, men også ofte ufrivillig komiske. Overgangsalderen til dømes. Vi skal alle dit når vi er ca. halvvegs i livet, men det er det ingen som snakkar om. For på merkeleg vis har vi klart å gjere det å bli eldre, i ein kropp som naturleg forfell, til noko skamfullt (heia menneske!). Av den grunn veit vi ikkje noko som helst om kva vi har i vente, er det ikkje eit supert opplegg?!
Dette showet er ein hyllest og ei kjærleikserklæring til kvardagsmennesket. Det er observasjonar av absurde ting vi driv med og ikkje minst ein gjennomgang av alt gnålet som følgjer av å ha ein kropp. Målet er at du ler masse, men kven veit, kanskje du lærer noko om vår tids siste tabu: overgangsalderen? Det er berre å gle seg!

Regi: Espen Alknes