Demenskoret Kor Kjekt
Billettar
Om arrangementet
KOR KJEKT, demenskoret i Herøy, inviterer til konsert i 2026 også! Vi vonar vi er i gang med ein årleg tradisjon, og at publikum ønskjer det same :)
Annakvar veke gjennom året er vi ein fin gjeng som samlast og syng saman. Vi vil spreie songglede til andre, og difor vert det konsert igjen.
I 2026 er vi også heldige som får Even Sævik med på konserten vår. Han har sjølv opplevd demenssjukdom i nære relasjonar, og vil difor vere med på både å støtte og løfte konserten vår med si deltaking. Desse er også med:
- Øyvind Granden Berg og Sølvi Nerem Berg
- Bergsøykvartetten
- Lilly Pauline Voldsund.
Vi håper mange vil kjøpe seg billettar for å støtte Kor kjekt sitt viktige arbeid.
Velkomne!
(Foto: Geir Egil Eiksund, VN2024)
