Brothers in arms - a tribute to Dire Straits

Om arrangementet

Dei har spelt mange konsertar i Møre og Romsdal - no kjem dei til Fosnavåg!

Brothers In Arms - a tribute to Dire Straits, vart etablert i 2007 av sju erfarne musikarkompisar frå Ålesund og Brattvåg, inkludert ein innflytta amerikanar og to nordlendingar. Det heile byrja med årlege konsertar på Teaterfabrikken i Ålesund. På grunn av stor popularitet utvida dei til to konsertar i året, alltid med fulle hus. Dette førte til nye konsertar på stadig nye plassar og opp gjennom åra har bandet spelt på mange scener, kulturhus og festivalar.

Dire Straits, med låtskrivar, gitarist og vokalist Mark Knopfler i spissen, leverte tidlaus kvalitetsmusikk med sine utgjevingar frå slutten av 70-talet til byrjinga av 90-talet. Brothers in Arms handplukkar dei beste låtane frå heile katalogen til Dire Straits, og det er mykje å ta av! Repertoaret varierer derfor noko frå konsert til konsert. Nokre låtar kjem dei likevel aldri utanom, som til dømes «Sultans of Swing», «Money For Nothing», «Why Worry», «Romeo and Juliet» og sjølvsagt «Brothers In Arms».

Sjølv om bandet Brothers In Arms sett sitt eige preg på Dire Straits' låtar, er gjenkjenningsfaktoren garantert høg. Brothers In Arms leverar tolkningar av Dire Straits' musikk med respekt og kvalitet, og ser no fram til å dele musikken med publikummet i Fosnavåg - over 5 år sidan sist dei spelte konsert her hjå oss. Vi gler oss over å ha dei tilbake!

Bandet:

Erik James Anderson; vokal
Ketil Strand; gitar og vokal
Lars Øverås; bass
Bjørn A. Skjelten; trommer
Kjell Myklebust; tangentar
Sten-Even Holstad; gitar