Bjørn Eidsvåg

Om arrangementet

Få artistar er likefolkekjære som Bjørn Eidsvåg. Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står han som ein bauta i norsk musikkhistorie og er ein artist fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. Sjølv etter ein lang og solid karriere er han stadig aktuell og evnar å fornye musikkuttrykket sitt.

Bakgrunnen hans som prest og frå arbeid i psykiatrien har i stor grad påverka låtane hans, men også evna hans til å formidla dei. Utallige nordmenn har eit nært forhold til dei folkekjære låtene, som "Eg Ser" og "Skyfri himmel", og det er ikkje forutan grunn at han nyleg vart omtalt som “rikstrøsteren” av Bergens Tidende. Dei nære og såre temaene gjenspeglar seg òg i Bjørns konsertar gjennom personlige historiar som bærer preg av både alvor og humor. Bjørn har ei unik evne til å kome tett på publikummet sitt, og det er i møte med publikum musikken og historiane får
skinne som mest og leva vidare i nye former.

Sidan oppstarten i 1971 har han gitt ut 28 album, spelt ca. 80 konsertar kvart år, gitt ut bok, hatt eige TV-program, radioprogram og inntatt scena på Det Norske Teatret med den eigenskrevne teaterframsyninga “Etterlyst: Jesus” - for å nemne noko. Bjørn sin nysgjerrigheit på nye musikalske uttrykk har ført til mange spennande samarbeid med kjende artistar frå Noreg, Sverige og Danmark opp gjennom åra, mellom anna duetten “Mysteriet deg” med Lisa Nilsson. DEn vann Spellemannprisen for Årets Låt og har over 10 millionar avspelingar på Spotify.

Bjørn er utvilsomt ein av dei artistane som har besøkt flest av landets krikar og krokar. Han har evna til å fornye seg, men samtidig ta vare på det kjære og kjende, noko som har skapt ein trufast publikumsskare som kjem igjen år etter år på konsertane hans.