Bergsøy Blandakor - 50 år og heilt i hundre

Om arrangementet

Bergsøy Blandakor har fylt 50 år, og er no heilt i hundre!!! 
Litt på etterskot pga, korona, inviterer vi til ein heidundrande jubileumskonsert!

Vi har leita fram go’bitar og populærmusikk frå kvart tiår sidan koret starta. Abba, Elvis og Beatles har vi med oss, men også våre eigne som t.d. Jahn Teigen og Halvan Sivertsen. Vi kan nemne låtar som Dancing Queen, Thank you for the music, Let me be there, Yesterday og også La det swinge med Bobbysocks og Optimist med Jahn Teigen og Africa med Toto. Her er det berre å gle seg til ein konsert med variert musikk for ein kvar smak. 
Bergsøy blandakor har gjennom desse 50 åra hatt fleire dirigentar. Dei siste 14 åra er det vår trufaste dirigent Morten Bollerud som har leia oss. Han styrer oss med fast hand og samstundes glimt i auga, så øvingane blir fylt av både song og latter.
Vår gode, trufaste ven, Nina Elisabet Bøe har samarbeidd med Bergsøy Blandakor ved fleire høve, både som konfransier og som tekstlesar. Ho vil lose oss trygt gjennom programmet for kvelden.