AVLYST: Tony Palmer til Fosnavåg med to filmar - gratisframsyning

Denne forestillingen er dessverre avlyst!
 
Den verdskjende britiske filmregissøren Tony Palmer kjem til Fosnavåg 11. september. Det er eit samarbeid med Sunnmøre kammermusikkfestival som i år har Stravinskij som festivalkomponist. Palmer har laga filmen «Once, at a Border…», ein film om Igor Stravinskij som han vil presentere på Fosnavåg kino.
 
I tillegg til Stravinskij-filmen vil han presentere ein film til og her kan du vere med å bestemme. Gå til eventet på facebook (https://fb.me/e/2ruDW9oP0) og skriv namnet på den filmen du ønskjer å sjå: "Beatles" eller "Cohen" i kommentarfeltet og ver med på trekninga av 4 fribillettar til Fosnavåg kino. 
"Beatlesfilmen" heiter "All my loving" og varer i 1 time. Cohen-filmen heiter "Bird on a wire" og varer i 2 timer.
"All my loving" har sjeldne opptak frå The Beatles, Cream, Jimi Hendrix, The Who, Pink Floyd and many more...
https://www.imdb.com/title/tt0814001/
 
– Tony Palmer laga filmen "Once, at a Border…" til 100-årsjubileet til Igor Stravinski, komponisten som har ein sentral plass i programmet for årets kammermusikkfestival. Det var enka til russiske komponisten som bad Palmer om å lage filmen som vil bli presentert og vist på Fosnavåg kino
 
Styreleiar Gunnar Strøm kan fortelje at Tony Palmer også var ein sentral figur i av pop/rock-miljøet i England på 60-talet.
– Tony Palmer var med å definere korleis pop og rock blir presentert på TV, seier Strøm.
Det er verkeleg ein filmskapar av internasjonalt format kammermusikkfestivalen og Strøm har lukkast å få til Volda. Palmer sin enorme filmproduksjon omfattar over 100 musikkdokumentarar og filmar om The Beatles, Cream, Rory Gallagher, Jimi Hendrix og Frank Zappa og berømte portrett med og om Walton, Britten, Stravinskij, Maria Callas, André Previn, John Osborne, Leonard Cohen, Margot Fonteyn og Menuhin.
Tony Palmer har fått ei rekkje internasjonale prisar for arbeidet sitt, blant anna14 gullmedaljar på New York Film & Television Festival (den siste i 2016) og prisar frå Jerusalem, San Francisco, São Paolo, Chicago, Sofia, Cuenca og London Film Festivals.
 
Arrangementet i Fosnavåg er eit gratisarrangement som er muleg å gjennomføre fordi Sparebank 1 Søre Sunnmøre støttar prosjektet med å hente ein slik internasjonal kapasitet til Sunnmøre.
Publisert
03. september 2021
Skrevet av
Bjørn Holum