Leif Ove Andsnes

Om arrangementet

“A pianist of magisterial elegance, power, and insight” (New York Times)

Han var med på opninga av Fosnavåg konserthus i oktober 2014. Han ville gjerne tilbake hit - og no skjer det. Så vi går sommaren i møte med ein eksklusiv konsert søndag 11. juni. Cleveland, Berlin og Edinburgh i april - Fosnavåg i juni! Denne må du få med deg - saman med mange musikkinteresserte på Sunnmøre!

«En av sin generasjons mest begavede musikere» skriv Wall Street Journal om Leif Ove Andsnes. Med sin kommanderande teknikk og søkande tolkingar har den berømte pianisten vunne internasjonal anerkjenning og spelt konsertar i verdas leiande konsertsalar, med deira fremste orkester, samstundes som han bygg ein annerkjend og omfattande diskografi.

Som ivrig kammermusikar er han også grunnleggar av "Rosendal kammermusikkfestival" som finn stad kvar august på vestkysten av Norge. Leif Ove Andsnes er utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden og har motteke den prestisjetunge Peer Gynt-prisen. I tillegg er han heidra som æresdoktor frå New Yorks Juilliard School of Music, samt universiteta i Bergen og Oslo, og har motteke instrumentalist-prisen frå "The Royal Philharmonic Society". Og han vart innlemma i "The Grammophone Hall of Fame" in 2013. 

Leif Ove Andsnes var fødd på Karmøy i 1970, og studerte ved Bergen musikkonservatorium under den anerkjende tsjekkiske professoren Jirí Hlinka. Nordmannen har også fått uvurderlege råd frå den belgiske pianolæraren Jacques de Tiège, som til liks med Hlinka har hatt stor innflyting på hans spelestil og filosofi. Så han er for tida kunstnarisk rådgjevar for "Prof. Jirí Hlinka Piano Academy" i Bergen der han gir årlege meisterkurs til deltakande studentar. Andsnes bur i Bergen med sambuar og deira tre born. Programmet denne kvelden blir:

Schubert: Piano Sonata in A minor, D. 784

Chopin:  Mazurka in C-sharp minor, Op. 30 No. 4

               Mazurka in D major, Op. 33 No. 2

               Mazurka in A-flat major, Op. 17 No. 3

               Mazurka in A minor, Op. 17 No. 4

Mozart: Fantasia in C minor, K. 475

Brahms: 7 Fantasien, Op. 116