A tonic for the troops

Om arrangementet

Opplev Ellen Brekken og hennar band!

Ellen Brekken kjem med ein tropp beståande av Espen Berg (piano), Magnus Bakken (saksofonar) Magnus Sefaniassen Eide (trommer) som spelar beint frem melodisk og energisk jazz med stor publikumsappell! Dei har éin fot i både den amerikanske og den europeiske tradisjonen, og angrip musikken med både fart og finesse. 

Dei debuterte med plata «Ambush» i på ODIN Records i april 2021 til svært gode kritikkar og var i følgje Dagsavisen ei av de beste jazzplatene i Norge i 2021. Hausten var turnetid, og no står Fosnavåg konserthus for tur. Her er ein smakebit: https://www.youtube.com/watch?v=JJ32wNJNMgo Musikken deira ligg også på Spotify: https://open.spotify.com/artist/46PXWTT8fPASaeA5eEUoXj?si=laQlcuU2Th6U6HV-fF57tw&dl_branch=1

 

«De lagde en godstemning jeg knapt kan huske å ha opplevd gjennom min vandring på norske og utenlandske jazzkonserter i drøye 40 år.» Runar Todok, leder Nesodden jazzklubb

«En av festivalens mest oppløftende øyeblikk.» Kjell Nordeng, Bodø Jazz Open

Pressesitat: 

«Ambush er ein kjærleikserklæring til kickbasert, levende jazz.»

«Ambush osar begeistring. Det er energisk, ivrig klubbspel beståande av slagferdige riff, joviale unisonparti å glise av, perfekte oppspel til leikne soloimprovisasjonar»

"«Ambush» er et bunnsolid og smakfullt album" jazzinorge.no

«Det kokar på alle plater i dette kjøkkenet fra første takt, på eit album som på alle måtar kjennest herleg frittgåande».

 «Brekken har gjeve grooven og flyten imusikken forrang.» Dag og tid

"Ambush er en lykkepille som burde være å få på blå resept omgående.» Nettavisen