The Greatest Show 2024

Om arrangementet

Herøy kulturskule og Birgitte Vik Wymer sine songelevar ynskjer å ta publikum med på ei musikalsk reise med både moderne låtar, gode gamle låtar og nokre norske godbitar. Songlærar Birgitte har også i år laga nokre videoar til låtane og musikken som elevane skal framføre. Dette blir veldig fint på det nye flotte lerretet i konsertsalen.

Det er mange elevar som også dansar og spelar instrument, og det blir fleire kjempefine innslag med song-, dans- og musikkelelevane i lag.
Elevane har jobba lenge med dette programmet, og mange av låtane er øvd inn med fleire stemmer og harmoniar.  

Vi gler oss til å presentere dette til publikum på den flotte scena i Fosnavåg konserthus. Det er mange elevar totalt som skal opptre, så difor deler vi det opp i 2 konsertar, kl 14:00 for dei yngste elevane og kl 19:00 for dei eldste. Det blir mange høgdepunkt, og du er hjarteleg velkommen til å oppleve dette med elevar frå Herøy kulturskule.

Vi takkar Olympic Kulturfond for at dei støttar denne konserten!

Billett kr. 200,- for vaksne og gratis for born og ungdom under 18 år.