Solveig Slettahjell Kvartett

Om arrangementet

Klart for feststund i konserthuset!

Slettahjell har lenge gått med ein idé om å lage eit kvartett-album basert på hennar utvalde «skandinaviske sangbok» og har samla låtar til dette prosjektet gjennom fleire år. Som alltid har ho glede av å setje saman materiale som ikkje opplagt høyrer saman før det samlast i hennar gjenkjennelege utøvande grep. I denne eklektiske samlinga finn vi musikk av Edvard Grieg sin «Ved Rondane», Eva Dahlgren sin «Guldlock», Alf Prøysen «Trassvisa hennes Tora», låtar av Lars Lillo Stenberg, Allan Edwall, Orup og Anne Grethe Preus, ispedd nyskrive materiale av Slettahjell sjølv og Andreas Ulvo.

Saman med sin kvartett beståande av nokre av norsk jazz sine største musikarar for tida; Andreas Ulvo på piano, Trygve Waldemar Fiske på bass og Pål Hausken på trommer, har ho gått laus på desse låtane med same kjærleik som pregar jazzen si handtering av «the American songbook». 
Det heile har fått preg av ein slags skandinavisk kammerjazz inspirert av mange som har gått framom; Zetterlund, Johanson, Brockstedt, Rosseland. Her med Slettahjell og kvartetten sitt tydelege eigarskap og eigensignatur som bærande element.