Erlend Ropstad

Om arrangementet

Sommar-live i Fosnavåg!

Erlend Ropstad har med faste klyv klatra til toppen av norsk rock. Saman med bandet sitt har han dei siste 10 åra spelt festivalar og klubbar over heile landet på større og større scener, og all musikken han har gitt ut har fått strålande mottaking og som regel ein eller to spellemann-nominasjonar. Det er rock med sjel, nokre gongar i stadionformat og nokre gongar nært med tekstar som kan vere såre og vakre, det er ein live-dynamikk som få i landet kan matche. (Foto: Martin Solvang)

Somaren 2024 spelar han på eit fåtall utvalde festivalar, inkludert den helga det er Fyr til fyr-løp i Fosnavåg. Erlend har nemleg sjølv tenkt å springe ;o) Her blir det flatt golv med litt småbord og sitjeplassar for slitne bein. Så altså unummerert billett-salg. Meir info kjem etter kvart - sjekk ut musikken så lenge! 


Presse:

Altaposten: (Terningkast 6, Alta Live) “Han er i en klasse for seg”
Dagbladet: (Terningkast 6, Da Himmelen Brant…) Erlend Ropstad styrker posisjonen som en av Norges mest betydningsfulle rockere med «Da himmelen brant var alle hunder stille»
Adresseavisen: (Terningkast 6, Brenn Siste Brevet) “infernalsk bra”
iTromsø: (terningkast 5, 2022) «Sørlandets store rockefar innfrir»
Popklikk: «Nå er der bare å glede seg til at Ropstad klatrer opp på scenen og gunner på med gamle og nye låter som påfører publikum både bakoversveis og gigantiske svetteringer.»